En blogg om bedre beslutninger

Difor seier eg ja til Torry

Faksimile: Klassekampen 31. mars 2017.

– Torry og Schibsted er rause med å stille opp for forskarar som vil intervjue dei, og då skulle det berre mangle om eg ikkje gjorde det same, svarte eg til Klassekampen. Det kom ikkje på trykk.

I dag skriv Klassekampen at direktør Torry Pedersen i Schibsted har hyra eit kommunikasjonsbyrå til å intervjue 24 sentrale aktørar i mediefeltet. Professor Helge Østbye seier til avisa at undersøkinga liknar på eit forskingsprosjekt der resultata ikkje vert offentleg tilgjengelege. Han meiner det er problematisk om Schibsted får eksklusiv informasjon frå dei som skal fatte avgjerder om framtidig mediepolitikk.

Her er eg ikkje heilt på linje med min kollega. Like lite som ein tekst med tittel og ingress alltid er journalistikk, vil ikkje datainnsamling og analyse utan vidare verte forsking. Intervju som metode for å samle inn data vert brukt av mange ulike profesjonar. Derfor blir det lite relevant å leggje forskingsideal til grunn for kva forventing vi skal ha til korleis Schibsted deler si innsikt om mediebransjen og mediepolitikken. Vi kan forvente at dei gjer så godt dei kan for å halde på sine privileger, og det er ei ærleg sak.

I invitasjonen heiter det at «…Schibsted, som et ledd i sitt utviklingsarbeid, ønsker å gjennomføre en undersøkelse for å få tilbakemeldinger på hvordan de oppfattes av sentrale aktører i sine omgivelser. Hva de er gode på, og hva er det de ikke er gode nok på? Hvordan kan de bli enda bedre til å ivareta vårt samfunnsoppdrag? Hvordan ser sentrale samfunnsaktører på de utfordringene norsk mediebransje møter med digitalisering og fallende annonseinntekter? Hvordan skal de i fremtiden sikre en livskraftig, fri og uavhengig presse?»

Min kollega Helle Sjøvaag i Bergen påpeikar til Klassekampen at Schibstedkonsernet i det siste har framheva demokratiske argument framfor økonomiske motiv når dei argumenterer for endringar i mediepolitikken. Det er ein god observasjon, og eit krevjande prosjekt for ein børsnotert aktør. Kva ein sier og kva ein gjer må i det lange løp henge saman. Det er eit dilemma som eg gjerne diskuterer både med Torry Pedersen direkte (eller indirekte gjennom den han måtte sende), og i det offentlege.

For meg er det lett å bestemme seg for å seie ja til å dele innsikt med aktørar som sjølve er rause når eg og mine studentar treng tilgang til data. For kulturministeren kan dette sjølvsagt vere meir problematisk.

Ifølgje Klassekampen er desse 24 invitert:

Samfunnstoppar: Kristin Skogen Lund (adm.dir. NHO), Hans Christian Gabrielsen (LO-sjef), Linda Hofstad Helleland (kulturminister).
Stortingspolitikarar: Nikolai Astrup (H), Kårstein Løvaas (H), Bård Vegar Solhjell (SV-nestleiar), Trond Giske (Ap-nestleiar), Arild Grande (Ap), Trine Skei Grande (Venstre-leiar), Terje Breivik (V), Trygve Slagsvold Vedum (Sp-leiar), Knut Arild Hareide (KrF-leiar).
Mediabransjen: Randi Øgrey (adm.dir. MBL), Alf Bjarne Johnsen (PFU-leiar), Arne Jensen (Redaktørforeningen), Hege Iren Frantzen (påtroppende NJ-leiar).
Forskarar m.fl.: Knut Olav Åmås (Fritt Ord-direktør), Kristin Clemet (Civita-leiar), Toril Aalberg, Arne Krumsvik, Hallvard Moe, Wegard Harsvik (LO), Nina Økland (ekspedisjonssjef), Bård Folke Fredriksen (statssekretær).

 

Litteratur:

Andersen, Unn Conradi & Krumsvik, Arne H. (2017). Intervju som metode. I Næss, Hans Erik og Pettersen, Lene: Metodebok for kreative fag. Oslo: Universitetsforlaget.

Krumsvik, Arne H. (2011). Medienes privilegier. Kr.Sand: IJ-forlaget.