Nei, nei, nei!

Utvalgsleder Knut Olav Åmås overleverte Mediemangfoldsutvalgets delrapport med vurdering av modeller for offentlig kompensasjon til kommersiell allmennkringkasting til kulturminister Linda Hofstad Helleland 18. oktober 2016. Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet

Utvalgsleder Knut Olav Åmås overleverte Mediemangfoldsutvalgets delrapport til kulturminister Linda Hofstad Helleland 18. oktober 2016. (Foto: Ketil Frøland / Kulturdepartementet)

Det er tre grunnar til å ikkje innføre ei ny støtteordning for kommersiell allmennkringkasting. For det første vil ikkje subsidiar kunne stoppe medieutviklinga. For det andre vil ikkje ei støtteordning løyse problemet for kringkastaren. Og for det tredje vil ein slik mediepolitikk hindre innovasjon og nyskaping. Det er tid for å tenke nytt om mediepolitiske verkemiddel.

Først nokre ord om medieutviklinga: Det norske mediesystemet er i endring, som følgje av digitalisering, globalisering og kommersialisering. Kulturdepartementet har ikkje virkemiddel til verken å hindre eller bremse desse megatrendane i vesentleg grad. Mediepolitiske forsøk på å fryse gamle strukturar har vist seg å vere lite vellykka. Det er vanskeleg å sjå for seg at meir av det same skulle virke betre.

Hallin & Manchini skriv i sitt standardverk Comparing media systems (2004) at vårt nordeuropeiske demokratisk-korporative mediesystem vil konvergere mot det anglo-amerikanske liberale mediesystemet, som følge av nettopp digitalisering, globalisering og kommersialisering. I boka Medienes privilegier (2011), viser eg korleis dette skjer med ulik hastigheit innan ulike mediepolitiske områder her i Noreg.

Raskast endringstakt i retning av den liberale modellen ser vi innan kringkasting. Det påvirkar også drifta av NRK, som er staten sitt største marknadsinngrep på mediefeltet. Uavhengig av finansiering, er strategiane for å oppnå marknadsandelar relativt lik. I tillegg til kommersialiseringa, ser vi symptom som deregulering og utanlandsk eigarskap.

I det store og det heile har synet vårt på medieverksemder endra seg. Det vi før såg på som sosiale institusjonar, forstår vi no i stor grad som industrielle føretak. Det gjer vi fordi dei oppfører seg slik, til tross for at retorikken kanskje kan henge igjen i den systemforståinga som har gitt dei ulike former for privileger. Det vi no opplever, er altså overgangen til det liberale mediesystemet.

I begge mediesystema er det å sikre ytringsfridomen eit sentralt mål. Men ideane om korleis dette skal gjerast, har stått i skarp kontrast til kvarandre. I vår del av verden har vi tradisjonelt tenkt at staten må gripe inn i marknaden for å trygge ytringsfridomen. I den liberale modellen har tankegangen vore at staten bør halde seg lengst mulig unna.

Medan det no er den kommersielle logikken som styrer media, er mediepolitikken framleis basert på ei førestilling om at media er sosiale institusjonar. Ei ny støtteordning betyr auka statleg intervensjon i marknaden, og det vil med andre ord auke gapet vi kan observere mellom mediesystemet og mediepolitikken.

Dermed er vi framme ved punkt 2. Kva verknad har mediepolitikken? Dette er det ikkje forska så mykje på, fordi det nærast har vore eit tabu. Men om vi ser vi i bakspeilet, vil vi oppdage at pressestøtta på ingen måte klarte å sikre lokal aviskonkurranse, vi ser at eigarskapsregulering ikkje har hindra eigarskapskonsentrasjon, og kommersielle kringkastarar har vist seg å vere vanskelege å gjete til tross for klare krav til innhald.

Oxford-proffessor Robert G. Picard (2017) peikar også på at subsidiar har ein tendens til å ikkje auke i takt med inflasjonen, og at dette virkemiddelet aldri vil løyse det grunnleggande problemet.

Det er med andre ord lite truleg at subsidiar som virkemiddel vil kunne oppretthalde dagens mediestruktur. Det er også grunn til å stille spørsmål ved om det er ønskjeleg. Infrastrukturkravet i Grunnlova må ikkje bli forstått som eit krav om frysing av mediestrukturen.

Subsidiar løyser altså ikkje problemet på lang sikt. Mediemangfaldsutvalet ønskjer å fryse utviklinga i nokre få år. Då er vi ved mitt tredje argument. Både subsidiar generelt og ordninga dei foreslår spesielt, kan verte til hinder for innovasjon og entreprenørskap. Når støtteordningar har til formål å bremse utviklinga, vil dei til ein viss grad klare å gjere det – altså bremse utvikling. I tillegg oppstår det alltid utilsikta biverknader av regulering.

Innovasjonshindringane som Mediestøtteutvalet identifiserte som effekt av pressestøtta, har berre delvis blitt fjerna gjennom endring av produksjonsstøtte- og momsreglar. Ein fersk studie viser også at norske medieverksemder er signifikant mindre innovative enn andre industriar (Krumsvik, Kvale & Pedersen 2017).

Det er tid for å ta ein diskusjon om det ikkje er fornuftig å bruke mindre pengar på direkte og indirekte subsidiar til drift av medieverksemder, og heller støtte innovasjon og entreprenørskap som kan sikre at vi også i framtida vil ha ein infrastruktur for ein open og opplyst offentleg samtale (Ots & Krumsvik 2017).

***

Dersom Statsråden likevel finn det nødvendig å etablere ei ny subsidieordning som følgje av Stortinget sitt vedtak, vil det vere framtidsretta om ordninga for det første er målretta, slik at den bidreg til å finansiere det innhaldet vi gjerne vil ha, for eksempel nyhende og aktualitet. Og for det andre at den er plattformnøytral, for å minimere innovasjonshinder. Alternativet med kompensasjon for redaksjonelle kostnader oppfyller desse kriteria.

Dette ei tilnærming som Mediestøtteutvalet foreslo for pressestøtteavisene i 2010. Det inspirerte ein seinare revisjon av dansk mediestøtte, medan den norske bransjen saman med Medietilsynet fekk gjennomslag for “don’t rock the boat” (Krumsvik 2011).

Men no er det tid for å tenke nytt.

(Innlegg på innspelseminar om kommersiell kringkasting)

Referanser

Hallin, Daniel C. & Manchini, Paulo (2004). Comparing Media Systems. Cambridge University Press.

Krumsvik, Arne H. (2011). Medienes privilegier – en innføring i mediepolitikk. Cappelen Damm Høyskoleforlaget.

Krumsvik, Arne H., Kvale, Knut & Pedersen, Per Egil (2017). Market Structure and Media Innovation Policies in Norway. Van Kranenburg, Hans (Red.), Innovation Policies in the European News Media Industry. A Comparative Study. Chapter 12. Springer.

Ots, Mart & Krumsvik, Arne H. (2016). Media policy’s new challenges. Journal of Media Business Studies, 13(3).

Picard, Robert G. (2016). Subsidised news sounds good, but is no panacea to news industry challenges. Journal of Media Business Studies, 13(3).